Nasjonale tiltak - slik påverkar det kommunen sine tenester 14.01.22

Dei nye nasjonale tiltaka legg opp til at kommunen må gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt og sette tiltaksnivået i barnehager og skule. Her ei oversikt som viser deg kva dei nasjonale tiltaka har å sei for dei kommunale tenestene i Vang kommune: 

Oversikt over dei nasjonale råda og reglane.

Utdanning og kultur 

  • Barnehagane er på grønt nivå frå og med måndag 17. januar.
  • Vang barne- og ungdomsskule er på grønt nivå frå og med måndag 17. januar.
  • Kulturskulen er på grønt nivå.
  • Bibliotek: påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift.

Fritidsaktivitetar og andre aktivitetar

  • Samfunnshusa er opna for aktivitetar frå og med fredag 14.01.22.
  • Symjehallen er open for
    • Symjeopplæring i skule og barnehage.
    • Lag og foreiningar med smittevernfagleg plan for gjennomføring.
  • Alle som brukar dei offentlege bygga må halde seg til dei nasjonale tiltaka.
  • Ei påminning: Sjølv om det er opna opp for aktivitetar er det likevel oppmoda om å avgrense sosiale samkomer og arrangement du deltek på.

Besøk i kommunale bygg

  • Bruk munnbind om du ikkje kan halde 1 meter avstand til andre.
  • Kommunehuset er stengt for publikum.

Helse og omsorg

  • Vangsheimen er stengt, ring for å gjere avtale. Besøkande må bruke munnbind. Personalet skal orientere besøkande om dei aktuelle besøksreglane.
  • Du må avtale tid med legekontoret før du kjem, ring tlf. 61 36 95 00. Besøkande må bruke munnbind.

Sjølvtestar

Dei nasjonale tiltaka legg opp til større bruk av sjølvtestar. Kommunen arbeidar med å legge til rette for utlevering av sjølvtestar og kjem tilbake med meir informasjon når dette er klart. Endringane i TISK-strategien.

Til lag, foreningar og arrangørar 

Regjeringa har innført nye råd og reglar for aktivitetar og arrangement fom 14.1.22

Vang kommune følgjer regjeringa sin strategi, der innbyggjarane får eit større ansvar for oppfølginga av råd, reglar og retningsliner.

Vang kommune ved kommunelege, legekontor,  kommunalsjef helse- og omsorg og koronatelefon har drive råd og rettleiing i høve til aktivitetar og arrangement.  Dette har vore viktig og nyttig, men er tidkrevjande. 

I den fasa me er no, ber me om at de som aktivitets- og arrangementstilbyderar I Vang kommune tek sjølvstendig ansvar for å setje dykk inn i og vurdere dei råda og retningslinene som gjeld for dykkar aktivitet, og at de ikkje belastar legetenesta og helse- og omsorgstenesta med arrangementstekniske spørsmål.  Dette vil vera til stor hjelp og avlasting for oss.

Koronatelefon 

Vang kommune har koronatelefon, tlf. 90 51 26 59. Denne kan du ringe for å få råd og informasjon om korona. Open måndag - fredag mellom kl. 9:00 og 13:00.

Nasjonalt bodskap

  • Praktiser god hand- og hostehygiene.
  • Vaksiner deg.
  • Hald deg heime ved sjukdom.
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom.

(Oppdatert 21.01.2022)