Norsk kulturskoleråds Drømmestipend til unge kunstutøverar

I samarbeid med Norsk tipping deler Norsk kulturskuleråd kvart år ut 100 stipend à kr 15 000,- til unge kunstutøverar i heile landet.

For å kunne nominerast må ein vera født tidlegast i år 2000 og seinast i år 2007. Ein treng ikkje vera elev i kulturskulen, men søknaden i Vang kommune på Drømmestipendet skal gå via Vang kulturskule.

Kategoriar ein kan nominerast i er dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna. Ønsker du å bli vurdert som kandidat? Ta kontakt og merk e-post med Drømmestipendet og send til oddbjorn.skeie@vang.kommune.no.

Fristen for å melde seg som kandidat er 1.desember.

Meir om Drømmestipendet og dokumentasjonskrav finn du her.