Ny giv for kommunikasjon og bulyst i Vang

Mange har vore spente på kva som skjer med tanke på blest, inkludering og kommunikasjonsarbeid i Vang etter at Innovangsjon avvikla si drift før nyttår. Frivilligsentralen, kommunen, næringslivet og styret i Innovangsjon jobbar no med fleire ulike prosjekt som rører ved desse viktige emnene. Felles for dei alle er fokus på tilflytting og trivsel i bygda vår.

Vi treng å ta vare på dei som allereie bur her, og vi treng at både utflytta vangsgjeldingar og folk frå andre plassar kan oppfatte Vang som ei attraktiv bygd å flytte til. Då krevst det eit aktivt lokalsamfunn med gode møteplassar, at folk får vite om Vang og tilboda som finst her, og at dei som kjem finn seg arbeid og ein plass å bu.

Vangsvertar og bulystteam

Styret i Innovangsjon med styreleiar Endre Vik i spissen lanserer no ein plan for korleis dei fremover skal ivareta vangivaldres.no som eit attraktivt og relevant nettsted i møtet med Vang.

- Vi vil fortsette drifta i ein helt anna form, utan tilsette, men med ein plan om å rekruttere frivillige ‘vangsvertar’.  Dette skal vere eit knippe folk i Vang med ulik alder, interesser osv, som er tilgjengeleg for å bli kontakta av folk som er nysgjerrig på Vang, forklarer Vik.

Frivilligsentralen er positiv til planane, og vil vere ein samarbeidsaktør i satsinga. Dei frivillige vangsvertane får selskap av eit bulystteam, som skal bestå av tilsette i kommunen som kan svare på spørsmål knytta til jobb, bustad, fritidsaktivitetar, barnehage/skuleplass osv.

- Eg har trua på at frivillige involverast i å inkludere nye sambygdingar. Å skape ein inkluderande kultur er opp til alle oss som bur her, og eg veit at mange med glede vil stå fram som ambassadørar for bygda vår. Dei som har jobba i Innovangsjon har gjort ein kjempejobb med å vere kontaktpunkt for folk utanfrå som er nysgjerrige på Vang, og det er viktig at vi tar lærdom frå erfaringane dei har gjort og finn nye metodar for å vise at vi er ei inkluderande bygd, seier Marte Tangen på Frivilligsentralen.

Vik legg til at dei frivillige ikkje skal ha eit stort oppfølgingsansvar, men bidra med å fortelje om Vang frå eit innbyggerperspektiv og hjelpe folk til å finne fram til riktig ressursperson i kommunen.

vangivaldres.no og vang.foreningsportal.no

Utsnitt av aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender

Nettsida vangivaldres.no er ein viktig plattform som er godt kjent og ofte dukkar opp når folk som er nysgjerrige på Vang søker etter informasjon. Styreleiaren fortel at det vil kome ein del endringar på nettsida i tida framover.

- vangivaldres.no skal endrast frå å vere ei ‘nettavis’ til å bli ei introduksjonsside, som viser fram nøkkelkvalitetar i Vang, samt viser vidare til andre sider som blir oppdatert med meir levande info frå andre aktørar, fortel Vik.

Det skapast enormt mykje aktivitet av frivillige lag og andre i Vang. Ein hyppig besøkt del av nettsida er aktivitetskalenderen som viser fram alle fritidsaktivitetane. Denne blir no å finne på adressa vang.foreningsportal.no

- Innovangsjon og Frivilligsentralen etablerte Foreningsportal saman i 2022, og knytta kalenderen opp til dette verktøyet. No er det berre Frivilligsentralen som administrerer portalen, og det er naturleg å flytte innhaldet til den opphavelege adressa, forklarer Tangen.

Samtidig fungerer verktøyet som kommunikasjonskanal til foreningslivet. På vang.foreningsportal.no får vi også meir funksjonalitet, som bilder i kalenderen, framheva arrangement og arrangementstyper. I tillegg til kalender og foreningsregister skal vi også etablere bedriftsregister i foreningsportalen, som vil bli administrert av kommunen sin nye næringsutviklar, Erling Oppheim.

- Eit godt bedriftsregister er viktig for innbyggjarane som vil finne kontaktinformasjon og handle varer og tenester frå lokalt næringsliv. Det vil også vere ei god hjelp for meg, som no skal bli kjent og opprette gode informasjonskanalar med bedriftene i Vang, fortel Oppheim.

Det etablerast for tida foreningsportal i nesten alle Valdres-kommunene, og verktøyet vil gi innbyggjarane i heile regionen betre informasjonstilgang. Eit filter for å kunne sjå hendingar frå heile Valdres i éin portal er også på idéstadiet.

Infoskjermar

Bilete av arbeidsgruppa framfør ein inforskjerm - Klikk for stort bileteArbeidsgruppe infoskjerm

Å nå ut med informasjon er krevjande. I tillegg til å utvikle ulike nettsider har Frivilligsentralen i samarbeid med andre over lengre tid jobba i supplerande kanalar som Frivilligheitsmagasinet, brosjyrer, plakatar og nyheitsbrev pr epost. No gjer vi eit skikkeleg løft for kommunikasjonsarbeidet og installerer infoskjermar på dagligvarebutikkane, kommunehuset, biblioteket og legekontoret, i tillegg til skjermen som allereie heng i Vangshallen.

- Infoskjermane vil hjelpe oss å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon frå kommunen, samt det rike aktivitetstilbodet i Vang, seier rådgivar i helse og omsorg Joanke Tito. Ho leiar arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn, der ho jobbar tett saman med Frivilligsentralen, folkehelsekoordinator og eldrerådet.

Vi gler oss til å sjå korleis skjermane og dei andre tiltaka blir tatt i mot, og håper at det skal bli enda enklare for folk i Vang å følgje med på alt som skjer og delta i lokalsamfunnet! 

Idémyldring

Sjølv om det er eit rikt aktivitetstilbod i Vang er det fleire som saknar andre typer møteplassar med særleg fokus på å bli kjent, eller å ha det moro saman utanfor etablerte idretts- og kulturaktivitetar. Dette gjeld både nye vangsgjeldingar og folk som har budd her lenge, men som ønskjer seg eit utvida nettverk. Bulyst og trivsel kan også handle om tiltak i den enkelte arbeidsplass, grend eller miljø. Difor inviterer no Frivilligsentralen til ein idémyldringskveld der alle som er engasjert i tematikken bulyst og møteplassar kan kome og bidra med sine innspel.

- Vi vil gjennomføre ei idémyldring der alle som vil kan bidra med å analysere behovet, kome med idéar og utvikle forslag. Eg veit at mange er engasjert i denne tematikken og trur det blir både morosamt og produktivt å samle alt engasjementet på ein plass, og utvikle nye forslag i fellesskap, seier Tangen. 

Det er også eit spanande lærlingprosjekt på gang, i samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Snart lanserast ei ny nettside og ein lærlingfilm - følg med! Lærlingprosjektet blir også kobla på idémyldringskvelden slik at vi får dei unge stemmene med i diskusjonen om kva slags møteplassar det er ønsker om. 

Idémyldringskvelden blir torsdag 10. april kl 17 på Mjøsvang kafé - velkomen skal du vere!