Ny innkøyring til Coop Valdres for økt trafikksikkerheit

Vang kommune og Coop Valdres samarbeider om å lage ei ny innkøyring til butikken for å sikre tryggheita og trafikksikkerheita til innbyggarane og brukarane av butikken. Dette tiltaket vil forbetre infrastrukturen og skape eit tryggare nærmiljø.
Vang Maskin vil starte arbeidet med avkøyringa og ferdigstille kommunen sine forpliktingar etter påske. Endeleg opning av den nye avkøyringa vil avhenge av når autovernet kan bli sett opp og asfalten lagt. Vi forventar at dette vil skje så snart dei nødvendige ressursane er tilgjengelege.
Vi ser frem til å kunne tilby ein tryggare og meir effektiv innkøyring til Coop.
Fredheim barnehage utvidar parkeringsområdet

Vang Kommune vil etter påske starte arbeidet med å utvide parkeringsområdet utanfor porten ved Fredheim barnehage. Dette tiltaket er ein del av vår kontinuerlege innsats for å forbetre sikkerheita og tilgjengelegheita i og rundt barnehagane våre.
For å oppretthalde tryggheita ved parkeringa under anleggsperioden, har vi inngått ei avtale med Coop. Ein del av våre tilsette vil parkere der i denne perioden, slik at foreldre som skal levere og hente barna sine får moglegheita til å parkere så nærme porten som mogleg.
Vi takker Coop for samarbeidet og håper på forståing frå alle rørte parter i denne perioden. Vårt mål er å sikre ei trygg og effektiv løysing for alle.