Hei! Eg er den nye næringsrådgjevaren i Vang kommune. Fødd og oppvaksen på Oppheim i Loen kor foreldra mine dreiv eit slags kombinasjonsbruk tufta på maskinentreprenørverksemd og husdyrhald/ kjøttfeproduskjon. I oppveksten, og særleg i ungdomsåra, var det med andre ord naturleg og forventa at ein deltok med innsats i både gardsdrifta og anleggsveksemda. Sistnemnde leia m.a. opptil at eg ei tid etter avslutta gymnas køyrde borerigg i verksemda til far min.
Erling OppheimEg er 57 år ung, gift med Anita og far til 3 vaksne barn og bestefar til snart 7. Vi flytta frå Stryn til Aurland i 1993 for å ta til i ein jobb på landbrukskontoret. I utg. pkt eit prøveprosjekt på 1 år men som til no er blitt nærare 32år. 🙂 I denne perioden har eg arbeidd som fagkonsulent jord/ jordstyreteknikar, Jordbrukssjef og etterkvart Landbrukssjef for felles landbrukskontor i Årdal, Lærdal og Aurland. I 2003 vart eg , som administrativ representant for Aurland kommune med overordna ansvar for natur- og miljøsaker, trekt inn i søknadsprosessen for å få Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet inn på UNESCO si verdsarvliste. Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn i 2005 og kort tid etter oppretta dåverande Direktoratet for naturforvaltning nokre stillingar som Verdsarvkoordinatorar. Desse fekk m.a. i oppgåve å fylgje opp / legge til rette for eit breitt samarbeid om å ivareta og fremje verdsarvstatusen .
Eg fekk tilbod om og takka ja til å gå inn i denne stillinga.
Parallelt i desse åra føregjekk ein lokal prosess som enda med etableringa av Nærøyfjorden Verdsarvpark - ein organisasjon og ei sektorovergripande samarbeidsplattform som m.a. har til føremål vere ein støttespelar og pådrivar for brei verdiskaping i Nærøyfjordområdet. Verdsarvparken sitt styre ved opprettinga fann ut at det ville vere ein god ide å kople verdsarvkoordinator med rolla som dagleg leiar av Verdsarvparken; noko som leia fram til at eg sidan 2008 og fram til no har hatt ei kombinert stilling som verdsarvkoordinator og dagleg leiar.
Etter ein innleiande fase her i Vang kommune, kor mykje no vil handle om å få innsikt og oversikt, ser eg fram til eit godt samarbeid om verdiskaping og utvikling i Vang kommune.
Kommunedirektøren er svært nøgd med å få Erling med på laget og ser fram til at han skal bli kjent med nye kollegaer i administrasjonen og dei lokale verksemdene i næringslivet.