Prisen gjekk i år til Odd Vidme. Han har arbeidd 47 år i politiet og vore lensmann i Vang sidan 1986, og fram til no hausten 2019. Prisvinnaren har arbeidt med å hjelpe andre. Ofte heilt i det stille, men med god og stødig hand. Sjølvsagt noko utifrå si stilling, men mest fordi han rett og slett har eit stort hjarta for dei som kan trenge hjelp iblant. I tillegg har han opplevd mykje sjølv, som gjer til at han ofte veit kva den som treng hjelp treng av ord og støtte.
Når den/dei som har fått hjelp er på rett veg att, trekkjer han seg sakte og beskjeden tilbake. Men du kan bli invitert heim til han på pizza, eller han stikk innom for å høyre korleis det går med deg.
Ein raus mann med eit stort hjarte som er eit føredøme for oss alle. Prisvinnaren kjem innbyggarane i bygda si i hug på ein positiv måte utan tanke på eiga vinning.
Han er ein lagspelar og lett mann å samarbeide med. Vang kommune har utruleg mykje å takke prisvinnaren for. Vi gratulerer!