Ope møte om reguleringsplan for Bygdin
Ordførar inviterer til ope møte om reguleringsplan for Bygdin.
Tid: Onsdag 3. mai kl. 19 -20.30
Stad: Auditoriet på Vang barne- og ungdomsskule, Tyinvegen 5035
norgeibilder.no
Administrasjonen har behandla forslag til reguleringsplan for Bygdin og vil gå gjennom planen og saksframlegget. Etter det er det opna opp for at dei som ynskjer å sei noko om planforslaget kan det. Dei som ynskjer å sei noko, må melde i frå til ordførar innan 1. mai på e-post: vidar.eltun@vang.kommune.no.
Dokumenta som høyrer til saka ligg her:
Saksframlegg med vedlegg
Sist endra 20.04.2023 14.42