Oppdaterte råd om eigenberedskap

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) anbefaler no at alle bør vere førebudde på å klare seg sjølve i ei veke ved kriser. 

I dag lanserer DSB oppdaterte eigenberedskapsråd på nettsida sikkerhverdag.no

Føremålet med råda er å hjelpe folk til å dekkje dei mest grunnleggjande behova som varme, lys, mat, vatn, informasjon, legemidlar og hygiene under kriser.

Nye tema

Dei største endringane samanlikna med eigenberedskapsråda frå 2018 er:

  • Tida på eigenberedskapen aukar frå tre dagar til ei veke
  • Meir detaljerte råd om kritisk medieforståing og opphaldsstadar i kriser
  • Nye tema: felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser 

Bakgrunn for råda kjem som ein respons på ein varig, forverra sikkerheitspolitisk situasjon i Europa og klimaendringar som fører til meir ekstremvær. 

Eigenberedskapsveka 2024

DSB vil distribuere ei ny brosjyre med oppdaterte råd til alle husstandar i Noreg under Eigenberedskapsveka 2024 i veke 44.  Hovudmålet i år blir å gjere flest mogleg kjend - og motivert til å fylgje - dei reviderte råda.

 

Les meir her: råd om eigenberedskap