Oppstart av oppgradering i Kongevegen ved Søndrol
Vang kommune informerer om at arbeidet med oppgradering i Kongevegen ved Søndrol startar opp måndag 18. mai.
Ved utføring av arbeidet vil det vere noko redusert framkome i området. Arbeidet er venta å vare i om lag ei veke. Vi ber alle som ferdast i området om å vise omsyn.
Utførande entreprenør for arbeidet er Magne Bøe
Vang kommune takkar for tolmodet medan arbeidet vert gjennomført.

Sist endra 11.05.2026 12.53