Orientering om arbeid - Burmavegen

Orientering om arbeidet

Arbeidet går ut på å byggje opp at Burmavegen som vart øydelagt av flommen Hans, og flomsikring av langsgåande bekkeløp. Vegstrekninga er 694m lang i tillegg kjem avkøyringer. I forkant av utbetring og flomsikring, blir det lagt vatn- og avløpsleidningar langs med vegtraseen. Grøftetraseen har ei samla lengde på 406 meter med hovudgrøft og stikkleidningar. Det skal samtidig gravast kabelgrøft for Vang Energiverk på ca. 350 meter for lågspent og fiber. 

Prosjektering av Plan Oppmåling Valdres

 

Etappevis bygging

Arbeida som skal utførast vil føre til at Burmavegen blir stengd i perioder og i ulike områder etter som arbeidet skrider fram. Arbeidet vil starte ved E16 og ein vil jobbe seg etappevis oppover til Klukkargardsvegen.  Entreprenør vil arbeide for at vegen er mest mogleg open under anleggsperioden. Det er planlagt at vegen vil vere open for ferdsel i fellesferien, veke 28,29 og 30.  Arbeidet vil starte omgåande og det er forventa ferdigstilling av vegen innan 1. november 2024. 

 

Entreprise

Beitostølen Maskin & Transport AS er tildelt prosjektet. 

 

Spørsmål

Har de spørsmål til prosjektet, ta gjerne kontakt med oss eller entreprenør.

Kontaktpersonar:

  • Prosjektleiar, Vang kommune - Thorleif Leine, tlf. 907 14 503
  • Anleggsleiar på området, Beitostølen Maskin & Transport AS - Bjørn Erik Evensen, tlf. 974 97 640