Øydeleggingar på privat veg og bekkeløp
Vang kommune vil også tilråde at du kontaktar kommunen før du startar graving i veg/bekkeløp som kan påvirke offentleg veg.
Dette fordi graving fort kan gi utilsikta vatnretning/konsekvensar, graving over kabler og evnt erstatningsansvar. Kontakt oss på 61 36 94 00.
Ved skader på privat eigedom må du sjølv kontakte entrepenør og ditt forsikringsselskap.
Hugs at det som ikkje blir dekka av forsikring, kan bli dekka av Naturskadeordninga. Det er derfor viktig å ta bilder og dokumentere det som har skjedd godt, før utbedring finn stad.
Sist endra 11.12.2024 09.32