Pårørande ivaretatt i helse og omsorg - resultat tå undersøking

I perioden januar tom. mars 2024 var det mogleg å svara på pårørandeundersøking Ivaretatt. Me takkar dei pårørande som har fylt ut undersøkinga.

Det er 12 personar som har svart på undersøkinga. 4 personar av 12  får tenester utanfor institusjon. Det er varierte tenester dei får og dermed kan ein ikkje oppfatta resultatet som påliteleg dessverre.

8 pårørande frå langtidsavdelinga har svart på pårørandeundersøkinga. Det betyr at 50% svar har komme inn om langtidsopphald. Der alle 8 har svart på same spørsmål, kan ein tolka resultatet.

Når det handlar om samarbeid med pårørande, føler pårørande seg vareteke, sett og høyrt i stor grad. Dei har ein fast kontaktperson og det vert gjennomført pårørandesamtalar.

Heile resultatet frå pårørandeundersøkinga ligg tilgjengeleg på kommunehuset.