Planforslaget er utarbeida av Asplan Viak på vegne av Vang kommune. Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for vidare utvikling i Vang sentrum innanfor områda BT1 og BFK1 i områdereguleringa for Vang sentrum. Det er ønskeleg å utvikle området med bustadar og funksjonar som kontor, kafé og liknande. Vedlagt ligg relevante plandokument.
Har du merknad til planen?
Merknadar til planforslaget må merkast med «Sak 20/304 Detaljregulering Klukkarhaugen» og kan sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller på e-post til post@vang.kommune.no. Frist for å koma med merknadar er sett til 6. desember 2021.
Generelle opplysningar
Merknadar som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknadane enkeltvis.
Plandokument
Føresegn 3.1 har blitt endra jamfør vedtak i kommunestyret 09.09.2021, 048/21. Oppdaterte føresegner ligg her:
Førsesegner (PDF, 504 kB)
Resten av plandokumenta kan de lese slik dei vart lagt fram for kommunestyret:
Saksframlegg - Detaljregulering Klukkarhaugen