Slik får du informasjon ved kriser

Ved kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. Varslingsanlegga (ofte kalla tyfonar eller flyalarmar) blir brukte når befolkninga skal varslast om akutt fare. Når alarmen ular, betyr det at du må søke informasjon.

Ved pågåande hendingar som involverer Vang kommune 

Informasjon blir delt på her på nettsida til kommunen. Råka og pårørande kan forvente å finne informasjon om møtestad eller kontaktnummer på nettsida. Ved behov sender kommunen ut SMS for å nå ut med ei gong.

Me oppmodar alle til å dele informasjon, tenk spesielt på om du har pårørande eller naboar som ikkje kan nytte internett / digital informasjon.

Ved tap av telekommunikasjon vil kommunen nytte oppslagstavler på Joker Tyinkrysset, COOP Fjellvang, Åsvang skule og Joker Ryfoss for å dele viktig informasjon.

Ved bortfall av telefon og internett

Grindaheim Røde Kors vil bemanne satellittelefon på Vangsheimen, Tyinvegen 5150. Har du behov for å kome i kontakt med naudetatane kan du bruke satellittelefonen her. 

 

Ler meir her: Slik får du informasjon ved kriser