- Dette gir oss ei god oversikt i starten året. Barn, unge og tilsette i skule og barnehage har gjort ein god innsats for å bremse smittespreiinga. Det viser desse resultata, rosar kommunalsjef Guro Råheim Kvam.
- Samstundes veit me at det er forventa ei stor bølgje med smitte i januar, og risikoen for å bli smitta er høgare med omikron-varianten, legg ho til.
I følgje FHI har me no eit kort tidsintervall før smitta raskt vil stige, og i dette tidsrommet er det viktig å få vaksinert flest mogleg. Vaksine vil beskytte den einskilde godt. Dei som ikkje er vaksinert utgjer no halvparten av dei som blir lagt inn i sjukehus for covid-19.
-Vår oppmoding er at alle som kan tek vaksinen, legg leiar for kriseleiinga Erlend Haaverstad til.
Alle som skal ha oppfriskingsdose blir ringt etter tur og orden for å avtale time. Ynskjer du 1. eller 2. dose kan du ringe for å avtale tid på legekontoret, tlf. 61 36 95 00.
Det kan sjå ut til at færre blir alvorleg sjuke av omikron-varianten, men samstundes kan me vente fleire som blir smitta. Det vil kunne få alvorlege konsekvensar dersom smitten kjem inn på sjukeheimar eller i heimar der det bur menneske som har underliggjande sjukdomar, eller som av andre grunnar ikkje har hatt høve til å ta vaksinen mot covid-19. Det vil også få store konsekvensar om mange i samfunnskritiske yrker eller nokon i deira husstand blir smitta, og dermed må gå i karantene. Kriseleiinga minner om følgjande:
- Ver heime om du er sjuk
- Test deg ved symptom
- Ha få nærkontaktar