Vi inviterer store og små til «Brevene – et vandreteater» av og med Ragnhild Lund og Dominik Schmidt-Philipp. Ta med heile familien og møt opp i aktivitetsparken bak kommunehuset. Du vil få ein tøff og romantisk oppleving med musikk, bilete, historier og gåter: Kva kom fyst; Kjærleik eller hat? Veit du svaret? Ta med penn og papir!
Etterpå blir det utdeling av premiar. I sommarferien leste barna i 1.-7. klasse så mykje dei berre orka. Dette får dei utteljing for no. Kring alle deltakarane i Vang trekker vi tre vinnarar, og kvar lesne side tel som eit lodd. Det blir premiar frå havet i tråd med årets Sommarlestema «Djuptvatn», og bokpremiar til 2. og 3. vinnar. Hovudpremien er eit gåvekort på 1000,- sponsa av Valdres Sparebank.
Hugs å kle dykk etter veret. Velkomen skal de vere!