Statens vegvesen melder at Tveit bru gjenopnast kl 15.30 tysdag 23 august.
Statens vegvesen melder at Tveit bru på E16 i Vang gjenopnast kl 15.30 tysdag 23 august.
Det blir einvegskøyrt over brua med lysregulering og redusert fartsgrense til 30 kilometer i timen. Årsaka er at den mellombelse brua er for smal til to køyrefelt.
Statens vegvesen seier at intervalla på lysreguleringa blir korte, og at det ikkje er grunn til å rekne med større forseinkingar eller køar på den korte strekninga over brua.
Sist endra 23.08.2022 15.17