Stønad til utgifter til straum for frivillige organisasjonar/-verksemd

Regjeringa har oppretta ei tilskotsordning for å motverke at dei høge straumprisane fører til redusert aktivitet og høgare deltakaravgift i frivillige organisasjonar. Ordninga forvaltast av kommunane.

Fakta:

Frivillige organisasjonar som har organisasjonsnummer kan søke.
I enkelte tilfelle kan for eks eit idrettslag som har registrert eit aksjeselskap for å drifte sitt anlegg få stønad.

Kommunar, kommersielle verksemder eller private heimar kan ikkje få stønad.
Pengane kjem i ein utbetaling og ordninga gjeld for perioden desember(21) til mars(22).

Dette må vi ha:

-Namn på organisasjon
-Organisasjonsnummer
-Kontaktinformasjon
-Kontonummer
-KWt forbruk desember og januar, vi stipulerer forbruk for februar og mars
-Kommentarfelt
-Straum eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg

Søk her innan 15.mars kl 13.00:

https://lottstift.no/for-frivilligheten/stromstotte/

Etter denne fristen så kan du innan 25.mars søke på mail til: post@vang.kommune.no