Pkt. 1
Vang kommune innfører ei straumstøtteordning for 2022 for næringsdrivande/bedrifter og lag/foreiningar med kontoradresse Vang.
Pkt. 2
For å kome med i ordninga må det bli dokumentert ei auke av straumutgifter på minst 20% ift året 2021.
Pkt 3
Søknaden må vera basert på dokumenterte straumutgifter i kr og forbruk i kWh for 2022. Ein kan søke kvart halvår
Pkt 4
Søknaden må innehalde verksemda sitt namn og organisasjonsnummer, telefonnummer, e-post adresse til kontaktperson i verksemda og kontonummer.
Pkt.5
Ordninga gjeld ikkje bedrifter med fastprisavtale hjå Jotunkraft A/S
Pkt.6
Ordninga gjeld ikkje bedrifter, lag og foreiningar som får dekket meirutgiftene gjennom andre støtteordningar.
Søknaden sendes til kommunen pr e-post : post@vang.kommune.no
Frist for søknad: 2. halvår er 20. februar 2023.
Saksframlegg og vedtak fra kommunestyremøte 20.10.2022 finn du her:
Retningsliner om straumstøtte til næringslivet i Vang kommune (PDF, 141 kB)