Innlandet fylkeskommune ynskjer å framskunde overgangen til nullutsleppskøyretøy i bilparken i Innlandet og har sett av 4,8 millionar kroner til eit tilskotsordning for ladestasjonar.
Kven kan søke
Alle som disponerer parkeringsplassar som er tilgjengeleg for offentlegheita.
Kva kan du søke om
Det blir gjeve tilskot til å etablere ladestasjon for elbil. Ein ladestasjon er ein parkeringsplass med moglegheit for å lade og som er reservert for elbil. Du kan søke om inntil 30 000 kroner til ladestasjon med to ladeuttak knytt til to parkeringsplassar, eller inntil 60 000 kroner til ladestasjon med fire ladeuttak knytt til fire parkeringsplassar.
Korleis søke
Søknadsskjema og informasjon finn du her: regionalforvaltning.no
Neste søknadsfrist: 20. oktober
Rundskriv om tilskotsordning for elbillader (PDF, 572 kB)