Tilbod om oppfriskningsdose til aldersgruppa 18 - 64 år med underliggande sjukdom og gravide!

Regjeringa har vedtatt at kommunene nå kan gi oppfriskningsdose mot covid-19 òg til risikogrupper mellom 18 og 64 år og gravide.

Personar i aldersgruppa 18-64 år med følgjande sjukdommar/helsetilstandar blir vurdert å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19:

  • Organtransplanterte
  • Alvorleg og moderat immunsvikt
  • Immundempende legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift).
  • Alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (t.d. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom og nyresvikt 2
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
    Demens
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroid eller steroidtablettar siste året
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • Hjerneslag
  • Diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetessenkomplikasjoner.

Oppfriskningsdose til gravide

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom samanlikna med ikkje-gravide kvinner på same alder. Risikoen for alvorleg sjukdom aukar utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. Dersom den gravide samtidig har andre risikofaktorar, som til dømes fleirlingsvangerskap eller underliggande sjukdom, aukar risikoen ytterlegare.

Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester blir tilboden oppfriskningsdose, sidan det er då dei har høgast risiko for alvorleg sjukdom. Dette er uavhengig av om dei berre er grunnvaksinerte frå før eller allereie har mottatt ein oppfriskingsdose. Det bør ha gått minst 4 månader sidan førre dose.

Ring legekontoret for vaksinetime, telefon 61 36 95 00.
Det er vaksinasjon på legekontoret torsdagar fom 15/9. Det blir drop in seinare i september.