Bygningsmessig er reinseanlegget ferdig. Xylem er ferdig med nye installasjonar med det står att noko samankopling mellom eksisterande og nytt anlegg (røyr og elektro).
Tidlegare leveransar og dokumentasjon frå Biovac var mangelfullt og dette rettes opp no.
Styring av anlegget inkludert omgjering av eksisterande styretavler blir utført no, dette er det Normatic som gjer og det vil vere ferdig medio mars.
Anlegget blir ferdig til prøvedrift i løpet av mars, og ein må rekne med at perioden for prøvedrift vil vare frå april - juni.
Har du byggesøknad som ikkje er sendt inn i påvente av nytt reinseanlegg? Ta gjerne kontakt med kommunen slik at me har ei oversikt over talet søknadar som kan komme, og slik at me kan førebu oss til reinseanlegget er ferdig.
Ta kontakt per e-post: post@vang.kommune.no