Ukraina og vår beredskap

 Justis- og beredskapsdepartementet har i skrivande stund ikkje gått ut med endra trusselbilde for Noreg som følgje av krigen i Ukraina, les meir her.

Kommunen følgjer situasjonen og er klar til å handtere eventuelle hendingar. Som innbyggjar kan du bidra ved å syte for din eigenberedskap. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har ei fin oversikt over kva du kan gjere på sikkerhverdag.no.

Jodtablettar

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) seier det er lite sannsynlig at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina tilrår DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra heime, men hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. 

DSA tilrår at kommunane har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Vang kommune har eit lager med jodtablettar. Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gjev beskjed om det. Då vil det koma tilrådingar i media og via DSA. DSA har god informasjon om dette. 

 

Andre tryggleikstiltak

Dersom eitt av Ukrainas atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finne vegen til Noreg. Då kan andre tryggleikstiltak bli aktuelle, slik som at folk blir tilråda til å halde seg innandørs. I så fall vil det i god tid kome informasjon om slike tiltak.

 

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.

NSM tilrår at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar. Les deira vurdering av situasjonen her. 

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale media og på usikre nettsider. Følg generelle råd for vern av passord og datatryggleik. Pass også på kva du deler vidare i sosiale media. Det går føre seg ein kamp om sanninga, og det er lett å bli misbrukt. 

 

Nokon å snakke med

På helsenorge finn du fleire chat- og telefontenester der du kan snakke anonymt. Sjå helsenorge si oversikt her.  

På ung.no finn du god informasjon til barn- og unge, les meir her.