Undersøking for deg i alderen 18-39 år

Innbyggjarar mellom 18-39 år er invitert til å delta i undersøking for å kartlegge behova til unge vaksne når det gjeld arbeid og fritid. 

Omstillingsprosjektet i Nord-Aurdal arbeidar med ulike prosjekt som skal fremje inkludering og rekruttering i heile regionen Valdres. Eit prosjekt er U39, som har som mål å kartlegge behova til unge vaksne når det gjeld arbeid og fritid, for deretter å utvikle relevante møteplassar som kan styrkje samhald og tilhøyrsle. Resultata frå undersøkinga vil kunne gi både regionen Valdres, og kvar enkelt kommune verdifull innsikt i arbeidet med å skape gode tilbod og rammer for unge vaksne i regionen/kommunen. 

Undersøkinga tar berre få minutt og svara vert behandla konfidensielt. 

Du finn lenkje til undersøkinga her: Lenke til undersøkelsen

Takk for ditt bidrag!