Utfall av Telenor sitt nett i Vang - 18. mai oppdatert kl. 23:15

Telenor melder om feil i mobilnettet i heile landet. I Vang er alle Telenor sine abonnentar råka, både mobil og breiband. Telenor har sett krisestab.  

For dei som har tryggleiksalarm i Vang så skal desse fungere, då dei har dobbelt simkort. 

Råd til brukar

  • For dei med breiband frå ein annan leverandør har dei fleste moglegheit til å ringe med WIFI tale
  • Dersom du har Telenor-abonnement og må ringe ut, sjekk om naboen har anna abonnement med dekning.  
  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringe naudnummer via roaming hos andre operatørar som har dekning.
  • Skulle det bli problem med med å ringe inn til legevakt på nummer 116117 så har dei satelitt-telefon med telefonnummer 00881652441610. Nummeret kan du ringe frå vanleg telefon. 
https://www.telenor.no/dekning/#dekningskart