Vaksinering hausten 2024

Influensa- og Covidvaksinering 

Grunna ombygging på biblioteket, er vaksineringa i haust flytt til Støga på Sygarden på Vangsheimen. Det er direkte inngang på oversida av bygget.

Tidspunkt: Torsdag 24. oktober og torsdag 31. oktober kl 09.00 -11.30 og kl 13.00 -15.00

Bestill gjerne time ved å kontakte legekontoret, men drop-in er også mogleg mot at noko venting kan måtte påreknast.

  • Pris: kr.200,- for influensavaksine. Frikort gjeld ikkje. Covid-vaksine er gratis.
  • Betaling: Faktura sendast ut elektronisk til alle med fakturagebyr på 10 kr.  

 

Covid-vaksine

Det er anbefalt oppfriskingsdose for alle over 65 år og for risikogrupper. Det må ha gått 6 månader sidan forrige vaksine, eller 3 månader siden aktiv koronasjukdom. Vaksinering av barn under 12 år må avtaleast på legekontoret.

 

Influensavaksine

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:  

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar 
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom
    • hjarte- og karsjukdom
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom

 

Pneumokokkvaksine

Alle over 65 år er anbefalt vaksine mot pneumokokkar, ein bakterie som mellom anna kan gi alvorleg lungebetennelse. Vaksinen kan takast samtidig med vaksine mot covid -19 og influensa, men ikkje oftare enn kvart 6. år. Ta kontakt med legekontoret på førehand om du ynskjer denne vaksina, eller du er kan bestille den på eit seinare tidspunkt