All vaksinasjon i Noreg er frivillig. Det er din heimkommune som har ansvar for å tilby deg koronavaksine, sjølv om du har fastlege i annan kommune.
Vang kommune vil ringe deg som bur i kommunen når det er din tur til å få vaksine og avtaler tidspunkt med deg. Tidspunkt for dose to blir avtalt når du får fyrste dose.
Vaksinedosar blir prioritert og fordelt strengt etter kriterium som er bestemt på nasjonalt hald. Når det blir din tur, vil du få tilbod om den typen koronavaksine som er tilgjengeleg. Før alle som skal få tilbod om vaksine har fått slikt tilbod, vil det ikkje vere mogleg for den enkelte å velje mellom ulike typar koronavaksine. Det kan vere at det vil bli mogleg på eit seinare tidspunkt når det er tilstrekkeleg med vaksine til alle som ynskjer det.
Du vil ikkje bli testa for koronavirus før vaksinasjon for å finne ut om du tidligare har gjennomgått koronainfeksjon. Det er uansett tilrådd at du tar i mot vaksine om du høyrer til dei prioriterte gruppene.
Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen:
- Har forkjølelsessymptom, feber over 38 °C eller andre tegn på infeksjonssjukdom
- Er i karantene eller venter på resultat på koronatest
- Har blitt vaksinert med anna vaksine dei siste 7 dagane
- Det har gått mindre enn 3 månadar sidan du var ferdig med isoleringsperiode etter koronasjukdom (SARS-CoV-2)
- Er gravid utan avtale med fastlege
Gje beskjed så raskt som råd dersom dette gjeld deg, slik at vaksinasjonen blir utsett.
Det er viktig at du prøver å ta andre dose til avtalt tid for best mogleg vern mot koronainfeksjon.
Risikoen for at vaksinerte får koronainfeksjon er liten, men det kan likevel skje. Sjølv om du er vaksinert er det framleis viktig å følgje gjeldande råd for smittevern og å teste seg om du får symptom som kan passe med koronainfeksjon.