I veke 25 vert me ferdige med 18-64 år med kronisk sjukdom. Ikkje alle med astma er kontakta fordi mild medisinering ikkje inneber auka risiko for alvorleg koronavirussjukdom.
I veke 26 reknar me med å nesten vere ferdig med 59-åringane.
Alle vert oppringt i tur og orden for å avtale tid for vaksinering.
Vang kommune forheld seg til FHI si prioriteringsliste.
Har du spørsmål: Ta kontakt med Vang legekontor på tlf. 61369500 fredagar.
Koronasertifikat
Du kan no logge deg inn her for å sjå ditt koronasertifikat. Formålet med koronasertifikatet er å hjelpe til med å opne opp att landet. Sertifikatet kan brukast ved grensepassering inn til Norge. For innanlandsbruk vil sertifikatet bli teke i bruke ved trinn tre i regjeringa sin plan for å opne landet. I trinn tre vil ein kunne bruke sertifikatet på større arrangement og kystcruise. Sertifikatet kan ein vise fram digitalt, eller skrive ut på papir. Det vert jobba med å finne ei løysing for ikkje-digitale brukarar.