Vårprogrammet på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er klart
Denne våren er det utfordrande å vite kva vi kan gjennomføre. Difor presenterer vi våre faste aktivitetar, samt nokre av arrangementa vi ønskjer å få til - men der ikkje alle datoar er spikra.
Nytt av året er ein datakafé, som vi startar opp måndagar etter vinterferien. Her blir det ulike tema, og vi skal gjere vårt beste for å hjelpe deg med alle digitale utfordringar du måtte ha.
Vi startar også opp eit teiknekollektiv, sparka i gang med ein teikneseriekveld – for vaksne. I tillegg held vi på dei opne måndagslunsjane våre, Niste med noko attåt, og norsktimen med Elisabeth Sparstad og lekseklubben er allereie godt i gang.
Pr no kan vi samle opp til 10 personar innandørs. Vi har planar om å gjennomføre både vinterferieaktivitetar, ein konsert med Trio Gyllesvärd, eit verkstad for debattleiing og fleire litt større arrangement utpå våren, men det må vi vurdere fortløpande ettersom korleis smittevernreglane endrar seg. Krimtips til påske skal de uansett få, fysisk eller digitalt, og litt sykkelmekking i friluft reknar vi med går i orden.
På arrangementa vil det vere avgrensa plassar. Vil du sikre deg plass: meld deg på til biblioteket eller frivilligsentralen. Velkomen skal du vere!
Her kan du laste ned programmet: https://vang.frivilligsentral.no/irisfile/205815/
Sist endra 15.02.2021 11.08