Vatn- og avløpsutbygging på Tyinkrysset Vang kommune har fleire store utbyggingsprosjekt på gang på Tyinkrysset. Her finn du informasjon om alt som skjer. Generelle råd og anbefalingar Unngå ferdsel i anleggsområda og ikkje gå inn på inngjerda område. Dette er for di eiga sikkerheit. Er uhellet først ute, ring medisinsk naudtelefon på 113 og deretter kommunen så snart som råd. Hugs at store maskinar har store blindsonar. Snakk gjerne med barna dine om tryggleiken rundt svære maskinar dersom de befinn deg i nærleiken. Vang kommune oppmodar til bruk av refleksvest i mørket. VA-prosjekt på Tyinkrysset Prosjekt 1: Tyinkrysset reinseanlegg Tyinkrysset reinseanlegg skal utvidast og kapasiteten skal doblast. Planlagt oppstart er medio november og anleggsarbeida vil vare fram til slutten av mars 2024. Det kjem til å bli ein del støy i nærleiken av avløpsreinseanlegget ved Fløgstrøndfjorden. Prosjekt 2: Grøvstølen høgdebasseng For at det nye vassverket ved Fløgstrøndfjorden kan bli teke i bruk må kommunen ha eit nytt høgdebasseng som byggast i desse dagar ved Grøvstølen. Anlegget er forventa klart til bruk i løpet av fyrste halvår 2024. Det vil bli ein god del aktivitet rundt Grøvstølen med både støy og anleggsmaskiner. Prosjekt 3: Utbygging av leidningsnett Tyinkrysset For å sy den nye infrastrukturen saman med det gamle, samt legge til rette for den potensielle utviklinga som er i emning må det leggast nye vatn- og avløpsleidningar. Dette prosjektet har 5 underprosjekt Tørrisbrune – Grøvstølen høgdebasseng (byggast nå) Grøvstølen høgdebasseng – Hugostøgovegen – Tyinkrysset Fjellstue (Detaljprosjektering) Mindre tilpassingar Finndalsvegen (Detaljprosjektering) Prosjekt 3 må gjennomførast før alt aust for Grøvstølen kan koblast på det nye vassverket. Prosjekt 4: Overføringsleidning Grøvstølen høgdebasseng – Skisenteret Det må etablerast ein overføringsleidning mellom Grøvstølen høgdebasseng og Børrelie høgdebasseng før ein kan ta det eksisterande vassverket i Børrelie ut av drift. Status: Planleggingsfase Ofte stilte spørsmål Blir det mykje støy og anleggstrafikk? Det kan oppstå støy frå anleggsområda og det vil være ein auka trafikk av anleggsmaskiner og tungtransport i og rundt Tyinkrysset. Blir vatnet stengt? Det kan oppstå midlertidige brot på vassforsyninga. Abonnentar vil bli varsla ved slike planlagde utkoplingar. Dersom du opplever driftsforstyrringar for vatn og avløp som du ikkje har blitt varsla om kan du ta kontakt med kommunal vakt-telefon på tlf: 95 30 36 08. Blir vegen til eigedomen min stengd? Vegar kan bli stengd i korte periodar. Vang kommune forsøker å gjere desse periodane så korte som mogleg. Eigarar som har desse vegane som åtkomst vil bli varsla før stenging. Korleis kan eg kome i kontakt med dei som har ansvar for utbygginga? Kommunen opplever ei stor mengde henvendingar. Har du spørsmål til sjølve prosjektet kan du sende ein henvending til post@vang.kommune.no. Merk med tittel "Spørsmål til byggeprosjekt 1/2/3/4 på Tyinkrysset". Du kan og sende per post til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres. Dersom det oppstår eller har oppstått ein situasjon som kan påverke liv/helse/sikkerheit/skade på infrastruktur eller eigedom som følgje av anleggsarbeida oppmodar Vang kommune deg til å ta kontakt med kommunen og/eller Henrik Holen. Henrik Holen Ingeniør vatn og avløp Tlf. 468 57 697 E-post: henrik.holen@vang.kommune.no Sist endra 12.09.2023 09.43