Vestre Slidre kommune - Endring av reguleringsplan for Lomen industriområde

Vestre Slidre kommune har sendt endring av reguleringsplan for Lomen industriområde (planID 0453R003) til uttale. 

Føremålet med reguleringsendringa var i utgangspunktet å innarbeide faresoner i planen. Vestre Slidre kommune skriv at når dei fyrst skulle endre planen fann dei også fleire høve som dei føreslår innarbeidd i endringa. Sjå dokumenta som er lagt nedst i denne saka, der blir det forklart kva endringar som er føreslege.   

Uttale
Uttale til dei føreslegne endringane skal vere skriftlege og skal sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Uttalefristen er 19. oktober 2022.

Dokument:

Endring av reguleringsplan for Lomen industriområde (PDF, 2 MB)

Plankart (PDF, 489 kB)

Føresegner (PDF, 50 kB)