Kommunestyret i Vang vedtok i 2019 ny selskapsstruktur for Jotun Holding AS der det vart etablert eit holdingselskap med fire dotterselskap. Morselskapet er Jotun Holding AS. Dotterselskapa er Vang Energiverk AS, Jotun fiberinvest AS, Jotun kraftproduksjon AS og Jotunkraft AS. Jotun Holding AS eig 100% av aksjane i alle dotterselskapa. Vang kommune eig 100% av aksjane i Jotun Holding AS.
Gjennom sin eigarstyring vil kommunen sjå til at selskapsstyret jobbar aktivt med:
• openheitskultur
•utvikling i tråd med FNs berekraftsmål
• god internkontroll i tråd med lov og forskrift
• gode resultatmål
• høgt etisk og moralsk nivå i verksemda
• planmessig og god rapportering på økonomiske og strategiske mål og forventningar
• gode prosessar ved gjennomføring av val og strategiendringar.
Det er formannskapet i Vang kommune som utgjer generalforsamlinga i Jotun Holding AS. Ordførar er generalforsamling for dotterselskapa. Generalforsamlinga vel styret for Jotun Holding AS og dotterselskapa .
Eigarskapsmeldinga seier at styrekompetansen skal vere komplementær og dekke fagområda økonomi, forretnings- og organisasjonsutvikling og politikk. Styremedlem skal ha god innsikt i den verksemda og marknaden som selskapet operer i. Det er også viktig for eigar at styret har god forståing for kommunen sine vedtekne mål og strategiar, og forstår selskapet sitt føremål og samfunnsoppdrag. I tillegg må sjølvsagt krava til styremedlem i aksjelova kapittel 6 og i selskapet sine vedtekter følgjast.
Generalforsamlinga skal 20. juni vedta eit nytt styre for Jotun Holding AS. Det skal veljast 6-9 faste styremedlem som sit for fire år (følgjer kommunestyreperioden). Styremedlem, leiar og nestleiar får godtgjersle fastsett av generalforsamlinga. Det har dei siste åra vore 6-8 styremøte i løpet av året. Det har i hovudsak vore fysiske møter på dagtid.
Valkomiteen ynskjer med dette å oppfordre interesserte kandidatar til styreverv om å melde sin interesse til kommunedirektør innan 1. juni. For å sikre kontinuitet ynskjer me også at dagens styremedlem som vil vere med vidare viser sin interesse. Skriv kort om kvifor du er interessert, kva kompetanse du vil ta med deg inn i styret og om det er konkrete saker eller område du brenn for i utviklinga av Jotun Holding AS.
Kommunen sin eigarskapsmelding og vedtekter for Jotun Holding AS kan sendast på førespurnad. Kommunedirektøren er tilgjengeleg for spørsmål.
På vegne av valkomitéen,
Helsing Erlend Haaverstad
E- post: erlend.haaverstad@vang.kommune.no
Tlf.: 414 38 914
Eigarskapsmelding Jotun Holding AS
Vedtekter Jotun Holding AS
Film om Vang Energiverk AS
Heimesida til Vang Energiverk AS