Tryggleiksklasser for skred i TEK17 §7-3 (2)
TEK17 med rettleiing kan du finne på dibk.no
Byggverk i tryggleiksklasse S1
Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som garasje, uthus, båtnaust eller lagerbygning med lite personopphald. Enkelte mindre tilbygg, påbygg, ombyggingar og bruksendringar er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjå §7-3 (3).
Byggverk i tryggleiksklasse S2
Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som bustadar med maksimum 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, driftsbygning i landbruket, parkeringshus mm.
Byggverk i tryggleiksklasse S3
Dette omfattar for eksempel byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Eksempel på slike byggverk er bustad/leilegheitsbygg med meir enn 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, skule, barnehage, sjukeheim og lokal beredskapsinstitusjon.