Konsekvens for byggesøknadar og plansaker

Ved behandling av byggesøknadar og plansaker er det dei to grensene knytt til krava i TEK17 som er relevante: 

  • • Faresone med sannsyn større enn 1/1000 pr. år, knytt til tryggleiksklasse S2 (grøn linje i faresonekarta)
  • • Faresone med sannsyn større enn 1/5000 pr. år, knytt til tryggleiksklasse S3 (raud linje i faresonekarta)

TEK17 §7-3 (2) skil mellom tre tryggleiksklasser for byggverk. Det er byggverk i tryggleiksklasse S2 og S3 som får restriksjonar som følgje av faresonekarta.

Byggverk i tryggleiksklasse S1 blir ikkje rørt av dei nye faresonene. Ser ein på faresonekartet i rapporten vil det på areala mellom grøn linje og Vangsmjøse vere byggjeforbod for byggverk i tryggleiksklasse S2 og på areala mellom raud linje og Vangsmjøse vil det vere byggjeforbod for byggverk i tryggleiksklasse S3. 

Det er mogleg å gjere unntak frå desse byggjeforboda, det kan ein lese meir om i TEK17 §7-4. For at ein kan gjere unntak er det fleire vilkår som må vere oppfylt. Kommunen, i samarbeid med NVE og Statsforvalteren i Innlandet, vil no arbeide med å oppfylle desse vilkåra. Det er mellom anna vilkår om overvaking av Skutshorn, beredskapsplanar og avklaringar i arealplan. 

NGI rapport - Flodbølger etter skred fra Skutshorn ved Vangsmjøse 

 

Tryggleiksklasser for skred i TEK17 §7-3 (2)

TEK17 med rettleiing kan du finne på dibk.no

Byggverk i tryggleiksklasse S1

Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som garasje, uthus, båtnaust eller lagerbygning med lite personopphald.  Enkelte mindre tilbygg, påbygg, ombyggingar og bruksendringar er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjå §7-3 (3). 

Byggverk i tryggleiksklasse S2

Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som bustadar med maksimum 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, driftsbygning i landbruket, parkeringshus mm.

Byggverk i tryggleiksklasse S3

Dette omfattar for eksempel byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Eksempel på slike byggverk er bustad/leilegheitsbygg med meir enn 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, skule, barnehage, sjukeheim og lokal beredskapsinstitusjon.