Melding om vedtak - Detaljregulering Børrelia lll

Kommunestyret har i møte 13.06.2024, sak KS-056/24 fatta følgjande vedtak:

 «Kommunestyret støttar seg på vurderingane og vedtek detaljeregulering Børrelie lll planid 2022002 jf. plan og bygningslova §1212. Dette slik som framlagt for hovedutvalg for utvikling 06.02.24 definert som forslagsstiller sitt opprinneleg forslag med 48 tomter. 

Resten som framlagt frå hovedutval for utvikling.»

Saksdokument

Plankart, reguleringsføresegn og planomtale slik dei vart vedtekne, saksframlegg med vedtak og andre sentrale saksdokument er tilgjengeleg på arealplaner.no.

Link: https://www.arealplaner.no/vang3454/arealplaner/142

Klageadgang

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre rørde partar varsla ved dette brevet. Fristen for å klage på vedtaket er 3 veker jf. forvaltningslova (fvl) §§ 28 og 29. Klagefrist er sett til måndag 02.09.2024.

Kommunen opplyser om tilgangen til å be om utsett verknad av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjort, jf. fvl. § 42.

Eventuell klage merkast med saksnr. 22/909 og sendast til post@vang.kommune.no, eventuelt pr. post til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

Etter at fristen er ute vil kommunen orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for og regionale- og statlege myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.