Det har diverre oppstått ei forseinking på leveransen av programvare og funksjonsbeskriving på Tyinkrysset reinseanlegg. Dette er knytt til programmering av anlegget og korleis det nye anlegget skal kommunisere med det eksisterande anlegget.
Det er sett av ei periode med 3 måneders prøvedrift, denne perioden skal inkludere ei høgtidsperiode med maksimal belastning på anlegget før anlegget er ferdigstilt. Det var planlagt oppstart av denne prøvedriftsperioden i desember 2024 fram til februar 2025.
På bakgrunn av forseinkinga vil prøvedriftperioden ikkje kome i gang før 2025. For å inkludere høgtidsperiode i prøvedrifta betyr det at ein blir ferdig med anlegget fyrst etter påsken 2025.