Dei overordna målsetjingane med næringsutviklingsarbeidet er fastsett i gjeldande kommuneplan/ samfunnsdel:
Vang kommune skal prioritere arbeidet med næringsutvikling, med særleg vekt på:
- eit variert og konkurransedyktig næringsliv.
- vidareutvikling av reiselivsnæringa mot ein nasjonal og internasjonal marknad.
- Vang skal framstå som ein ekte reiselivskommune der bygda si historie, natur, kulturlandskap, byggjeskikk, atmosfære og miljø er ivareteke på beste måte. Dette skal vera eit viktig konkurransefortrinn for kommunen.
- knoppskyting av eksisterande bedrifter og nyetablering.
- samarbeid mellom landbruk og reiseliv.
- vidareutvkling av anna næringsliv.
- kompetansearbeidsplassar.
- etablering av eigen arbeidsplass - entreprenørskap.
- å få utdanna arbeidstakarar attende til Vang kommune.
Vang kommune har god kontakt mot og samarbeider tett med Valdres Næringshage, Valdres Natur og Kulturpark, Visit Valdres og eksisterande næringsliv i både Vang, Valdres og verda ellers.
Via næringsfondet er det høve til å søkje om støtte til tiltak, aktivitetar, prosjekt og satsingar som fremjar nærings- og samfunnsutvikling i kommunen vår. I tillegg er det høve til å søkje om tilskot til ENØK-tiltak og næringsstipend.
Landbruket er som nemnt ei viktig næring. Landbruksverksemdene kan og søkje om kommunalt tilskot til ulike føremål.
Nærare info om ordninga og retningslinjar finn du her: Kommunalt tilskot til landbruksføremål (PDF, 541 kB)