I Vang er det to kontorfellesskap med kvar sin profil. Synshagen næringspark har IT, byggjefirma, elektrofirma, landskapsarkitekt, rekneskapskontor og entrepenørar i sine rekker. Ta direkte kontakt med Vidar vidarew@elektromontasje.no for spørsmål om ledig kontorplass.
På Kontorfellesskapet 1724 finn du mange små og større kultur– og teknologibedrifter. Send gjerne ein førespurnad til post@1724.no om det skulle friste med ein kontorplass hjå dei.
Det er elles mykje regulert næringsareal i heile kommunen. Ta kontakt med næringsrådgjevar Erling Oppheim om du ser etter plass til deg og di bedrift.