Retningslina gjeld for motorferdsel i utmark som er søknadspliktig til kommunen jf. motorferdselloven(mfl) § 6 og forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark(nasjonal forskrift – nf) jf. §§ 5, 5a, 5b og 6.
Presiserer at denne retningslina ikkje gjeld fastsetting av snøscooterløype til rekreasjonskøyring jf. mfl. § 4 a) og nasjonal forskrift § 4a.
Føremålet med retningslina er å opplyse om handlingsrommet i lovverket, gje føringar for kva dispensasjonar(løyver) som kan gjevast, sikre likebehandling av søknadar og elles fylgje opp intensjonane i lovverket for motorferdsel i utmark. Retningslina skal bidra til å unngå unødig støy i populære utfartsområde og redusere påverknad på naturmiljø.
Forslag til retningsline blir no lagt ut på ei avgrensa høyring der ein ynskjer innspel til både denne og forslag til "raude soner".
Spørsmål til saka kan rettast til arealplanleggar Magnus Lajord på tlf. 97541286.