Lokal høyring - Namnesak i Vestre Slidre og Vang kommune

I samband med adressering i Vestre Slidre kommune har Språkrådet teke opp namnesak for stadnamna Geiteskallin/Geitskallin, Lomtjernet/Lomtjednet, Svartkoll(en)/Svartkøll(en), Ødestøladn/Ødisstøl og Sonjavarden. Kartverket nyttar samstundes høvet til å reise namnesak for fleire namn som har skrivemåtestatusen «føreslege» i Sentralt stadnamnregister (SSR). Saka vert teken opp for å få avklart og formalisert rett skrivemåte for offentleg bruk.

I Vang kommune er det eit namn som er med i saka, det er naturnamnet Kilebekken. Sjå vedlegg for meir informasjon.

Vang kommune har ansvaret for å hente inn og samordne lokale høyringssvar.

Lokale høyringssvar sendast inn til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller e-post: post@vang.kommune.no, merk svaret med sak 22/417.

Fristen for å sende inn innspel til namnesaka er sett til 22. august 2022.


Vedlegg

Oppstart av namnesak 2022237 (PDF, 207 kB)

Namneliste i namnesak 2022-237 .PDF (418609) (PDF, 149 kB)